HELGA EGGEBØ – KVA ER EIT REELT EKTESKAP? REGULERING AV EKTESKAPSINNVANDRING TIL NORGE

When:
February 19, 2010 @ 1:15 pm – 3:00 pm
2010-02-19T13:15:00+01:00
2010-02-19T15:00:00+01:00
Where:
Bergen Resourcecentre for International Development, Jekteviksbakken 31. See map

Innlegget baserer seg på ein analyse av kvalitative intervju med personar som har erfaring med å søkja om opphaldsløyve på grunnlag av ekteskap. Slike søknadsprosessar inneber at innvandringsmyndigheita skal vurdera om ekteskapet er ”reelt” eller proforma. Korleis opplever søkjarar og deira ektefelle denne vurderinga? Grunnleggande sett har realitetsvurderinga to aspekt. Det første dreier seg om ekteskapeleg praksis, det vil seia om ektefellane delar ei fortid, erfaringar, kvardagsliv og kunnskap om kvarandre. Det andre aspektet dreier seg om målbare kategoriar for sosial ulikskap, det vil seia om ektefellane er like eller ulike med omsyn til nasjonalitet, klasse, utdanning, religion, alder og så bortetter. Utlendingslova gjev større rom for formell sosial kontroll av ekteskap enn det ekteskapslova legg opp til, og mange opplever derfor at dei blir forskjellsbehandla samanlikna med andre ektefellar. Til slutt vil eg diskutera kva rom det er for mangfald i intimitetspraksisar, motiv for ekteskap og val av ektefelle innanfor regelverket for familieinnvandring.

RokkansenteretHelga Eggebø er stipendiat ved Sosiologisk Institutt, UiB og arbeider på Uni
Rokkansenteret. Hennar pågåande doktorgradsprosjekt handlar om regulering av familieinnvandring og utforskar kva normer for intimitet, ekteskap og samliv som ligg til grunn for desse reguleringane. Prosjektet er knytt til det europeiske forskingsprogrammet Gendered Citizenship in Multicultural Europe: The Impact of the Contemporary Women’s Movement(FEMCIT). Eggebø tok mastergraden ved Universitetet i Oslo i 2007.